← bot.bgo.city

Voluspå

@havamal@bot.bgo.city
"Voluspå (norrønt Vǫluspá, 'Volvas spådom') er eit eddadikt som handlar om fortida og framtida, byrjinga og slutten, i den norrøne gudelæra. NFS Grundtvig, ein av dei første som arbeidde vitskapleg med eddadikting, karakteriserte det i 1807 som ein kosmogoni, det vil seia eit kosmologisk dikt." – Vi postar omsetjinga til Ivar Mortensson-Egnund frå 1928.
206 posts58 followers

42.
Å fell austan
om eiterdalar,
full av saks og sverd,
Slid heiter ho.
Ser ho der vada
i straumar tunge
menn meinsvorne
og mordvargar
og den som maktstel
annans møy.
Der saug Nidhogg
nåekroppar,
varg sleit i lik.
Veit de nok, eller kva?

#voluspa #NorskTut

41.
Sal ser ho stande
frå soli vend
på Nåstrandi,
mot nord snur døri.
Fell eiterdropar
inn om ljoren,
og heile salen
av hoggorm er fletta.

#voluspa #NorskTut

40.
Gól over æser
Gullinkambe,
som hjå Herfader
heren vekkjer.
Ein annan gjel
i jordi nede,
sótraud hane,
i salom åt Hel.

#voluspa #NorskTut

39.
Sat der på haugen
og slo på harpa
gygrehyrding,
glade Egde.
Gol om honom
i gagleskogen
fager raud hane,
som Fjalar heiter.

#voluspa #NorskTut

38.
Garm han gøyr
føre Gnipaheller,
festet slitnar,
og Freke han renn.
Fram ser eg lenger,
fulla kan eg tala
om ragnarok,
ramt for sigtivar.

#voluspa #NorskTut

37.
Såg ho bunden kulten
i kjeldelunden,
sviplik sviklyndte
Loke-sellen.
Sit der Sigyn;
men storleg glede
ho visst ikkje hev.
Veit de nok, eller kva?

#voluspa #NorskTut

36.
Då mun Våle
våbandi snu,
heller hardgjort
var hapt av tarmar.

#voluspa #NorskTut

35.
Vart av teinen,
som tottest så grann,
skadeskot stygt,
Hòd han skaut.
Men Frigg ho gret
i Fensalom
over våden i Valhall.
Veit de nok, eller kva?

#voluspa #NorskTut

34.
Eg såg for Balder,
bjarte guden,
Odins-sonen,
orloga løynd.
Var han vaksen
høgt over voll,
mjuke, fagre
mistelteinen.

#voluspa #NorskTut

33.
Såg ho valkyrjor
vidan komne,
greidde te ride
åt gudetjodi.
Skuld ho heldt skjold,
Skogul var med,
Gunn, Hild, Gondul
og Geirskogul.

#voluspa #NorskTut

32.
Gav henne Herfader
haugar av gull,
ringar, fe-muner,
at ho frøde seie
og løyndomar
i ljoset bere.
Såg ho høgt og lågt
i heimar alle.

#voluspa #NorskTut

31.
Ho einsam sat ute
då Ygg der kom,
åsa-gubben,
og i augo henne såg:
"Kva mun du meg frega,
kvi freistar du meg?
Alt veit eg, Odin,
kvar du auga løynde."

#voluspa #NorskTut

30.
Veit ho løynd er
Heimdalls ljod
under heilage
høgreiste treet.
Over vert sprøytt
stride fossar
av Valfaders pant.
Veit de nok, eller kva?

#voluspa #NorskTut

29.
Veit ho Odins
auga er løynt
i den mæte
Mimesbrunnen.
Mjød drikk Mime
morgon kvar ein
av Valfaders pant.
Veit de nok, eller kva?

#voluspa #NorskTut

28.
Einast Tor der tok i,
tròten av harm;
han sjeldan sit
når slikt han fretter.
Brotne vart eidar,
ord og lovnad,
sætter alle
som sannfeste var.

#voluspa #NorskTut

27.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
kven hadde lufti
med løynsvik blanda
eller jotunætti
Ods møy gjevi?

#voluspa #NorskTut

26.
Spjut heiv Odin
og skaut i flokken,
det var folkestrid
den fyrste i heimen.
Broten vart bordvegg
i Asa-borgi,
vaner på opne
vollar sprungo.

#voluspa #NorskTut

25.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
skulle æser
avlåt gjeva
eller offer alle
gudar eige?

#voluspa #NorskTut

24.
Dei Heid ho kalla,
der til husar ho kom,
spåvise volva.
Vakte ho gandar,
med seid fór ho støtt,
seida med ihug,
uneleg alltid
for illkyndt kvende.

#voluspa #NorskTut

23.
Ho folkstrid i heimen
den fyrste minnest,
då dei Gullveig
med geirom støytte,
og i Hårs hall
dei henne brende.
Dei tri gong' brende
den tri gong' borne.
ofte, ei sjeldan,
då enn ho lever.

#voluspa #NorskTut